Songkurs



Likar du å synga? Har du lyst til å læra grunnleggjande songteknikk?

Ved å delta på dette kurset kan du bli tryggare på stemma di. Du skal få læra korleis du kan varma opp stemma og trena ho opp til å bli smidigare, stødigare og sterkare. Vi skal også synga saman og trena opp gehøret.

Det trengst ingen forkunnskaper for å delta, berre eit ønske om å synga!

Kurset foregår laurdag 9. mars kl 10-14,  og kurshaldar er Ingebjørg Loe Bjørnstad.