Kurs i tekstskriving



Likar du å skriva? Har du lyst til å læra korleis du kan koma igang med å skriva songtekstar? Treng du tips til korleis  du kan koma vidare om du står fast?

På dette kurset kan du få læra enkle og effektive metodar for tekstskriving. Metodane er uavhengig av sjanger, og kan brukast til å koma igang med alle slags type tekstar. Det krevst ingen spesielle forkunnskapar for å vera med, berre skrivelyst!

Kurset foregår laurdag 2. mars kl 10-14, og kurshaldar er Ingebjørg Loe Bjørnstad.