Ingebjørg Loe Bjørnstad (Oslo)



Ingebjørg underviser på Sangsenteret i Oslo. Ho har masterutdanning i vokal frå Norges musikkhøgskole og jobbar med song, låtskriving, improvisasjon og komposisjon. Ho har undervist på Institutt for musikk ved Universitetet i Oslo, Griegakademiet ved Universitetet i Bergen, Toneheim folkehøgskole og musikklina ved Oslo By Steinerskole.

Ingebjørg er oppteken av at elevane hennar skal bli kjend med og glad i si eiga stemme. Alle kan læra noko uansett bakgrunn og erfaring. Ved å synga songar ein likar, øva songteknikkk og arbeida med det stemmeutgangspunktet ein har i trygge rammer, kan alle finna glede i vokal musisering og bli betre til å synga.

Våren 2019 gir Ingebjørg songtimar i Oslo, og har også workshop i song og tekstskriving.

Besøk nettsida hennar her

ingebjorg@sangsenter.no