Birte Slettevoll (Bergen)



Birte Slettevoll er utdanna songpedagog ved Norges Musikkhøgskole i Oslo. Ho tek master i kunstfag ved HVL, og er snart aktuell med debutplate under eige namn. Ho har erfaringer frå jazz, pop, folkesang, vise og klassisk sang, i tillegg til å dirigere kor. Ho er ein allsidig musiker/pedagog som har erfaring i å undervise alle aldre.

Jobber du i barnehage og ynskjer å bli tryggare på å spille og synge for borna? Har du eit ynskje om å synge ein song på ein sosial samankomst av noko slag, men veit ikkje heilt korleis gå fram? Eller ynskjer du berre å få litt faglig inputs og inspirasjon?

Hjå Birte kan du mellom anna jobbe med sangteknikk, rytmikk, teori, improvisasjon, tekstformidling og låtskriving. Ho ynskjer å vise deg viktige fokuspunkter så du let enda meir overbevisande ut i musikkformidlinga di, og gjennom konkrete øvelser gi deg meir musikalsk oversikt, så du blir meir sjølvstendig i møte med nytt materiale. Du kan kome utan forkunnskaper, eller som vidarekomen. Alle er velkomne!

Ynskjer du å få tips fram mot ei konkret framføring, kan du bestille enkelttime, for å dykke djupare inn i materialet, kan det vere lurt med pakke på fleire timer.

I undervisninga av born, legg ho eit godt musikalsk grunnlag. Ved ei blanding av sang, leik, rytmeøvelser, norsk, engelsk, også gjerne i kombinasjon med instrumenter, ynskjer ho å spele på den naturlige nyskjerrigheita til born, og samtidig lære vekk nyttige verktøy dei kan få glede av seinare.

OBS: Gi også beskjed om du ynskjer å kombinere sangundervisning med pianoundervisning.

Foto: Guro Sommer Værland

Send gjerne ein e-post til birte@sangsenter.no om noko er uklart.

Birte underviser mandager og fredager på Verftet.