Karina Opdal (Bergen)



Karina onstage

 Karina Opdal har utdanning frå Musikal- og Artistlinja ved Norsk Musikkteater og Ballettakademi – Bårdar Akademiet i Oslo, Diploma in Professional Acting ved The Academy of Live and Recorded Arts i London, Musikk ved Høgskulen i Bergen avdeling Griegakademiet, og praktisk-pedagogisk utdanning i teater ved Teaterhøgskulen – Kunsthøgskulen i Oslo.

Karina har allsidig arbeidserfaring og jobbar breitt med musikk og teater som både songar, skodespelar, regissør, musiker, skribent og pedagog. Utover utøvande arbeid i forestillingar, musikalar, konsertar og oppdrag i TV og reklame innan- og utanlands, har ho hatt mange oppdrag som regissør og instruktør for til dømes Baroniet Rosendal og Bømlo teater, Den Mangfaldige Scena (Oslo), og Bergen Nasjonale Opera, Bergen Filharmoniske Orkester og BIT20 Ensemble (Bergen). For tida jobbar Karina med eigne konsertar og prosjekt som til dømes kabareten «MARLENE, MARILYN & ME» og produksjonen «ÅTTA AUGE RUNDT EIT BORD», og ho jobbar på Musikk- og Vokallinja ved Åsane Folkehøgskule.

På Sangsenteret i Bergen vil Karina møta deg som ønsker å utvikla deg innan song, formidling, stemmearbeid, skodespel og eige skapande arbeid. Det blir lagt opp til individuell undervisning og arbeid i grupper, samt workshops som blir annonsert i løpet av sommaren. Både musikalar, jazz, folketonar og viser er sjangrer Karina gjerne underviser i. Elles bistår ho med utvikling av eige materiale, innspel til valg av repetoar, eller arbeid med song og tekst til auditions. På timane får du utforska og utvikla di eiga stemme, du får jobba grundig med tekst og formidling, og du får oppøva evna til å vera fullt og heilt tilstades i i framføringa!

Merk! Karina jobbar no 100% på Åsane FHS, og pga smittevern har ho satt aktiviteten sin på Sangsenteret på vent inntil vidare.

Har du spørsmål, send gjerne ein mail til karina@sangsenter.no.