Ingebjørg Loe Bjørnstad (Oslo)



Ingebjørg underviser på Sangsenteret i Oslo. Ho har masterutdanning i improvisasjonsvokal frå Norges musikkhøgskole, og PPU frå Høgskulen på Vestlandet. Ho jobbar i hovudsak med rytmisk song, låtskriving og improvisasjon. Ho har undervist på Institutt for musikk ved Universitetet i Oslo, Griegakademiet ved Universitetet i Bergen, Toneheim folkehøgskole og musikklina ved Oslo By Steinerskole.

Ingebjørg er oppteken av at elevane hennar skal bli kjend med og glad i si eiga stemme. Alle kan læra noko uansett bakgrunn og erfaring. Ved å synga songar ein likar, øva songteknikkk og arbeida med det stemmeutgangspunktet ein har i trygge rammer, kan alle finna glede i vokal musisering og bli betre til å synga.

Besøk nettsida hennar her

ingebjorg@sangsenter.no