Møt sangeren: Amalie Tysseland



Møt sangeren: Amalie

Neste sanger ut i vår serie er Amalie Tysseland som synger ved Sangsenteret i Bergen. Om du ikke har fått med deg vår forrige sang-prat, kan du lese det her. Anja som bor i Oslo var først ut, nå tar vi turen til Bergen.

Amalie er 25 år gammel og utdannet sivilingeniør i kjemi. Hun sier selv at Spotify-kontoen hennes er dypt forvirret over musikksmaken hennes, så det er bare å glede seg til vår oppdaterte Spotify-liste!

Da Amalie bodde i Trondheim og var student ved NTNU (i 2013), var hun deltaker og leder for koret Laborachorium. Dette koret representerer linjeforeningen Høiskolens Chemikerforening. 


Du var med andre ord aktiv som sanger i Trondheim?
Ja, frå hausten 2013 til sumaren 2014 var eg også leiar for Chemikalen som er ein student-musikal som me i Høiskolens Chemikerforening sette opp istedenfor revy.

Hvilke roller hadde du i Chemikalen?
Eg var skodespelar, skribent, sangleiar og masse anna gøy.

Du hadde med andre ord mange jern i ilden…
Absolutt. Eg og nokre venninner starta opp ei acappellagruppe / jentekor som me kalla Nonamé når eg var ferdig i koret, me sakna å synge saman. Slik enda me opp med å synge på Trøndelag Teater i ein del av Doppler oppsetjinga deira.

Så gøy!
Ein av dei raraste og finaste kommentarene eg har fått på stemma mi, fekk eg etter i samband med denne oppsetninga. Ein av kompisane mine plumpa ut at eg song som ei 100 kg tung svart amerikansk dame.

For et kompliment. Kan du fortelle hvordan du har blitt en del av Sangsenteret?
Eg tok faktisk min første songtime ved sangsenteret i Bergen når eg var 18 år gamal. Eg hugsa ikkje heilt kvifor, men eg sakna å drive med musikk.

Hadde du holdt på med musikk før du var 18 år?
Ja, eg er opprinneleg frå Samnanger der eg både gjekk på musikkskole og spelte i fleire band gjennom oppveksta. Dette tok uheldigvis slutt når eg starta på vidaregåande i Bergen og heile familien seinare flytta til Bergen.

Du kom tilbake til Sangsenteret etter du hadde studert i Trondheim?
Det var naturleg for meg å søke tilbake til Sangsenteret då eg måtte flytte frå Trondheim og ikkje lenger fekk utfolda meg musikalsk på fritida mi. Etter at eg begynte igjen i haust har eg hatt Guro som sangpedagog. Før det har eg hatt andre pedagogar som har jobba ved Sangsenteret i Bergen.

Så lurer vi jo på hvilken musikk du hører på.
Ja, når det gjelde musikksmaken min, er både eg og spotify djup forvirra over kva eg eigentleg likar.

Hehe. Hva betyr dette?
At eg elskar musikalar og synge gjerne både klassiske og nye songar frå denne sjangeren. At eg har både ei forkjærleik for musikken til Glenn Miller, Bing Crosby og anna 40/50 talls musikk samtidig som eg har spelelister full av My Chemical Romance og Fall Out Boy. I løpet av ei veke er eg for innom alle moglege sjangra frå Pop til Rock samt Hip-Hop, Klassisk og ikkje minst Disney-songar.

Dette liker vi, så gøy at du har så bred musikksmak.
Ja, det er få ting eg finn så terapautisk som å virkeleg brøle ut ein song med alt eg har og har derfor song masse musikalsongar samt songa av Adele, Barbra Streisand, Whitney Houston osv.

Det tror vi det er flere som liker. Hurra for brøling!

Amalie sendte oss en stor liste med sanger hun liker, den kan du lytte til her:

Vi har laget en kortversjon som du finner her:

 

Riktig god påske til alle!