Møt pedagogen: Karina Opdal



Heisann Karina! Kan du fortelle litt om deg sjølv? 
Det gjer eg gjerne! Eg bur i Sandviken i Bergen, kor eg har budd nokre år no, og eg stortrives i denne fine byen mellom fjellene! Me har jo fjella like i nærleiken, som gir mange flotte turar i løpet av eit år – og byen like ved, med alt det som den har å by på. I mange år har eg jobba frilans fulltid, noko som har medført ein del reising og jobbar utanbys, men no er det mindre reising og meir ro til å gle seg over alt det fine som Bergen jo er. Når eg så også får ha familien og gode vener her, og kjempefine kollegaer i arbeidet som eg er engasjert i for tida, så har eg det som plommen i egget!

For ei spennande reise du har hatt med musikken, kva jobbar du med no for tida? 
Eg gler meg over arbeidet eg syslar med for tida. Gjennom mange år har eg jobba frilans med musikk og teater – på heimesida vår kan ein lesa litt om det, men det siste året har eg hatt eit fast engasjement på musikk- og vokallinja på Åsane Folkehøgskule, i tillegg til somme prosjekt og arbeidet på Sangsenteret. Dette har ført til ei musikalsk og vokalfagleg fordjuping, noko som har vore både spennande og lærerikt. Og noko av det mest gjevande har vore å fylgja utviklinga til dei eg har fått jobba med.

Litt tilbake til Sangsenteret, korleis legg du opp sangundervisninga? 
På Sangsenteret jobbar eg nokså allsidig inn mot undervisninga, og timane blir gjerne lagt opp etter det ein ønsker å jobba med. Somme kjem til meg med spesifikke ønsker, det kan vera vokalt arbeid inn mot opptaksprøvar, eller ønske om innspel på eigne songar og framføring – andre vil gjerne berre synga, og kanskje bli tryggare i det å synga, både åleine og saman med andre. Då jobbar me gjerne ut frå det ein likar å synga, og så har me ulike fokus rundt det – pust, avspenning, songteknikk og formidling. Og etterkvart som eg blir kjent med elevane, bidrar eg gjerne med val av songar som kan passa til den enkelte.

Du har jo ein fantastisk erfaring frå spesielt musikkteater og teater, korleis bruker du det i sangundervisninga? 
Mykje av spisskompetansen min i det å tenka heile kroppen som eit instrument, kor formidling og tilstedeverande med heile seg er eit viktig fokus. Arbeidet med musikkteater famnar jo også om ulike stilartar og variert stemmebruk, og det er difor eg gjerne seier at eg jobbar allsidig. Men i det allsidige må ein også jobba detaljert, og i arbeidet med songen nyttar eg teknikkar eg har frå både utdanning og profesjonelt arbeid.

Så spennande! Etter å ha vore med på så mange varierte oppsetningar, har du eitt prosjekt som peiker seg ut? 
Der er absolutt nokre prosjekt eg hugsar tilbake på som noko heilt spesielt, ja, der er fleire! Men der er gjerne eit som utpeikar seg meir enn andre, og som var med og ga ei ny retning og eit nytt innhald til arbeidet med scenekunsten. Det er mogleg dette er for dei spesielt interesserte, men eg deler då historia likevel:

Eg var jo så heldig og fekk vera elev i Kvinnherad kulturskule frå eg var 5 år gammal – då spelte eg piano med den fantastiske lærarinna mi Eli Haugan, og gjekk på musikkleik og spelte fiolin. Og heilt til eg var 18-19 år og byrja på utdanninga mi på Bårdar Akademiet spela eg piano og var med i orkester, og song og fekk spela teater innimellom. Så byrja eg utdanninga mi og reiste ut i den store verda etterkvart. Eg hamna i London, kor eg studerte skodespel og jobba nokre år etter endt utdanning. Men så kom det til eit punkt kor eg kjente at storbyen vart litt for stor å finna lukka i, og eg vende nasen heim att, og det første året i heimlandet vart tilbrakt heime i Kvinnherad. Og det året vart eit aldri så lite vendepunkt for meg. Det året skulle dei nemleg laga musikal i kommunen. Dei skulle setta opp Oliver, og eg vart spurt om jobba med innstuderinga av all songen, som jo var eit stort og spennande arbeid. Men så skulle det altså visa seg at arbeidet skulle få eit litt anna innhald enn det eg hadde forventa. Litt ut i året vart han som skulle ha regien forhindra i å fullføra arbeidet, noko som førte til at eg vart spurt om å ta over regien for musikalen. Og sjølv om det jo var eit stort ansvar å ta på seg, var eg ikkje i tvil.

Erfaringa eg fekk vart eit skapande, kreativt, leikent, mangfaldig og utruleg rikt møte med scenekunsten som eg ikkje hadde hatt før – ein heilt ny verden opna seg, og ikkje visste eg kva dette kom til å bety for vegen vidare. No, nokre år etter, kjenner eg meg så heldig som fekk så god og grundig opplæring heilt frå barnsbein av. I arbeidet med både små og store produksjonar, større og mindre arbeide, heilt ned til instruksjon av einskilde songar og utøvarar, slik som på Sangsenteret, så ser eg at dette skin igjennom. Og spesielt takknemlig er eg for at pianolærarinna mi Eli har vore der med meg heile vegen – og det var jo også ho som opna døra for meg inn mot Oliver, minnest eg no.

For ei fin historie, tusen takk for at du delte han med oss og masse lykke til med framtidige prosjekt – vi gler oss til å høyre om dei! 🙂

Bilete av Skjalg Bøhmer Vold og Jonn Karl Sætre. 

 


 

Karina på Sangsenteret: