Møt pedagogen: Silje Søgnesand



Hei Silje og velkommen som ny pedagog til Sangsenteret i Bergen! 
Tusen takk for det, dette er skikkeleg stas altså.

Kan du fortelle oss om deg sjølv? 
Eg er ei dame på 29 år, og er sogning i by’n! Eg er eit veldig engasjert menneske og det er vel kanskje fordi eg får halde på med musikk mykje av tida mi. Eg speler ukulele og piano, eller leikar med loops og trommemaskin i Ableton og prøver meg alltid på eit nytt instrument når eg får sjansen.

Så gøy! Og jobber du med noko utanom å ver hos oss på Sangsenteret? 
Utanom å ver på Sangsenteret så jobbar eg på Askøy kulturskole  og der har eg mange kjekke elevar. Veldig stolt av dei prosjekta me jobbar med – som for eksempel Flere Farger Askøy. Der er vi mange med forskjellig bakgrunn som er saman for å synge, danse og skape musikk.

Ellers er eg snart ferdig med å styre på ei låt eg skal gi ut. Den skal heite «Wasted», og eg er så spent på om det er nokon andre der ute som digger den. No er det fire år sidan sist gong eg gav ut musikk, og eg kjenner det kribler skikkeleg godt i magen. Tidlegare har eg gitt ut ein EP som heiter «Stop, play, pause».

Du, har du eit fun-fact du vil dele med oss? 
Eg er ein liten nerd, på min eigen rare måte. Har ein kopi av Hermine sin tryllestav liggande og berre ventar på eit øyeblikk der eg kan bruke den som dirigentstav.

Eg håper moglegheita byr seg snart! No er du jo heilt ny hos oss, kva kjem du til å jobbe mest med på Sangsenteret? 
Eg gler meg skikkeleg til å ha mange spennande kurs og elevar. Eg startar med å ha semesterkurset Acapellasong fredag (13.april), noko eg ser veldig fram mot.

Korleis underviser du og kva kan sangelevar forvente i dine timar? 
Som sangpedagog er eg opptatt av å lytte til den stemma songaren har, også jobbe ut frå dette. Det kan jo vere innan mange ulike sjangrer, men som regel jobbar eg med stilar som soul, r’n’b, pop, blues – ja, i den gata der. Det eg kanskje synest er viktigast er å skape sjølvstendige vokalistar, så om du vil lære å spele piano til sangen din – så klapper eg høgt. Brukar også innspeling av lyd mykje i undervisninga, slik at songaren blir vand med å høyre seg sjølv.

Så må eg jo legge til at eg har erfaring frå joik og tradisjonelle folketoner, så eg håpar jo kanskje det finst nokon som vil bli med meg å synge (eller joike) slikt også.

Kor kjekt! Har du nokre andre planer framover du vil dele med oss? 
Ja, no skal eg berre kose meg masse med kjekke sangjobbar og sangelever. Skal også satse på å få skrive mange nye låtar i tida som kjem.

Ønsk meg lykke til, da!

Vi er veldig glade for å ha deg med i staben på Sangsenteret, masse lykke til med alle prosjekta 🙂 

 


 

Silje på Sangsenteret i Bergen: